Tung tids tale - samtale med Olaug Nilssen
Landås bibliotek

mar. 13/03/2018 de 19h00 à 20h30

Fuseau horaire : Oslo (GMT+01:00)

Landås bibliotek
Nattlandsveien 76a
5094 Bergen
Norway
Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng.
Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?
Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre, for første gong. Med Tung tids tale bryt ho igjen tabu, denne gongen med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.
Source: www.facebook.com