Utstilling m/Giske Sigmundstad, Suldal
Ryfylke Kunstlag

Du 20/01/2018 13h00 au 10/02/2018 15h00

Suldal Kulturhus
4230
Giske Sigmundstads vandreutstilling med etsningar kjem til kulturhuset i Suldal. Opninga er laurdag 20.januar klokka 13:00.
Utstillinga heng i perioden 20.januar - 10. februar.
For opningstider kan du følge denne lenka: http://suldal.kulturhus.no/om-kultuhuset/opningstider/
Giske Sigmundstad (f. 1965) er utdanna ved Statens Håndverk og Kunstindustriskole, Oslo Tegne- og maleskole, og Fortman Studio, Firenze.
Ho har hatt ei rekke separat- og kollektiv utstillingar i inn og utland, og mottatt fleire prisar for sine arbeide, og er innkjøpt av bl.a. Nasjonalgalleriet, Utenriksdepartenmentet og Norges Bank.
Reisa har lenge vært et sentralt tema arbeida. Tidlegare utstillingar har handla om menneske med koffertar, eller menneske som har slått midlertidig leir. Å flytte, levebrød og korleis ein bur er tema også i denne utstillinga. Serien ”-De letende – ”er ei vidareføring av dette temaet.
Det er loddsal til kr 20,- per lodd.
Source: www.facebook.com